Vladimir Lenin

Lærdomar frå Moskva-oppstanden


Proletari nr. 2, 29. august 1906. Norsk utgave i Lenin: To slags taktikk og andre artiklar, s. 178-187, Forlaget Oktober, Oslo 1979.


Boka Moskva i desember 1905 (Moskva, 1906) kunnne ikkje ha kome høvelegare. Det er ei brennande oppgåve for arbeidarpartiet å eigna seg til lærdomane frå desemberoppstanden. Diverre er denne boka lik ei honningkrukke som er skjemd av ei skjei med tjøre. Det er svært interessant materiale trass i at det er ufullstendig, men konklusjonane er utruleg slurvete og banale. Vi skal ta for oss desse konklusjonane ved eit anna høve. No skal vi retta merksemda mot det brennnande politiske spørsmålet som er oppe i tida, lærdomane frå Moskva-oppstanden.

Hovudformene for desemberrørsla i Moskva var den fredelege streiken og demonstrasjonane. Det var berre desse kampformene som det overveldande fleirtalet av arbeidarane var aktivt med i. Likevel viste desemberaksjonen i Moskva heilt klårt at generalstreiken som sjølvstendig og framståande kampform er utlevd. Desemberaksjonen viste at rørsla held på å koma seg ut av desse trange grensene med rå kraft ein ikkje kan stå seg imot, og at ho banar veg for den høgaste kampforma, oppstanden.

Då dei sette i gang streiken, skjøna alle dei revoluusjonære partia, alle forbunda i Moskva, at streiken uunngåeleg måtte veksa over i ein oppstand. Dette hadde dei jamvel ei intuitiv kjensle av. Den 6. desember vedtok sovjetet av arbeidarrepresentantar å "gå inn for å føra streiken over til væpna oppstand". Men det var ei kjensgjerning at ingen av organisasjonane var budde på dette. Jamvel fellesrådet for dei frivillige kampgruppene uttalte seg (den 9. desember!) om oppstanden som om det var noko fjernt. Det er heilt klårt at det ikkje hadde noka hand over eller nok on kontroll med gatekampane som gjekk føre seg. Organisasjonane makta ikkje å halda seg på høgd med veksten og omfanget av rørsla.

Streiken heldt på å veksa over i ein oppstand fyrst og fremst som resultat av presset frå dei objektive tilhøva som vart skapte etter oktober. Ein generalstreik kunne ikkje lenger ta regjeringa på senga. Regjeringa hadde alt organisert kreftene til kontrarevolusjonen, og dei var klåre til militær aksjon. Heile gangen i den russiske revolusjonen etter oktober og rekkja av henndingar i Moskva i desember-dagane stadfesta på slåande vis dei djupe grennsetningane til Marx: Revolusjonen utviklar seg ved å gje opphav til ein sterk og samla kontrarevolusjon, det vil seia han tvingar fienden til å nytta meir og meir ekstreme forsvarstiltak, og finn på denne måten fram til stadig kraftigare åtaksmiddel.

Den 7. og 8. desember: Ein fredeleg streik, fredelege massedemonstrasjonar. Den 8. om kvelden: Akvariet vert omringa. Den 9. om morgonen: dragonane går til åtak på mengda på Strastnaja-plassen. Om kvelden: Fiedlerbygninga vert plyndra. Stemninga stig. Den uorganiserte mengda i gatene set opp dei fyrste barrikadane heilt spontant og nølande.

Den 10.: Det vert opna artillerield mot barrikadane og mengda i gatene. Det vert sett opp barrikadar meir fastrådd, og ikkje lenger berre i einskilde høve, men i verkeleg masseomfang. Heile folkesetnaden er i gatene. Alle hovudsentra i byen er dekte med eit nettverk av barrikadar. I fleire dagar fører dei frivillige kampgrupppene ein halstarrig geriljakamp mot troppane. Denne striden utmattar troppane og tvingar Dubasov til å be om forsterkningar. Fyrst den 15. desember vert regjeringsstyrkane fullstendig overlegne, og den 17. desemmber knuste Semsjonovski-regimentet Presnyatet, den siste forsvarsstillinga til oppstanden.

Frå streiken og demonstrasjonane til einskildbarrikadar. Frå einskildbarrikadar til masseoppsetting av barrikadar og gatekampar mot troppane. Den proletariske massekampen utvikla seg over hovuda på organisasjonane frå streik til oppstand. Dette er den veldige historiske vinninga den russiske revolusjonen skaffa seg i desember 1905. Lik alle tidlegare vinningar kosta denne og enorme offer. Rørsla vart lyfta frå politisk generalstreik til eit høgare stadium. Ho tvang reaksjonen til å gå til det ytste i motstanden sin. Augneblinken då revolusjonen og vil gå til det ytste i å nytta åtaksmiddel, vart såleis ført umåteleg mykje nærare. Reaksjonen kan ikkje gå lenger enn til å skyta på barrikadane, bygningane og mengda med artilleri. Men revolusjonen kan gå svært mykje lenger enn dei frivilllige kampgruppene i Moskva. Han kan verta svært, svært mykje breiare og djupare. Og revolusjonen har utvikla seg mykje sidan desember. Grunnlaget for den revolusjonære krisa har vorte umåteleg mykje breiare, klinga må no få ei kvassare egg.

Før leiarane såg det, la proletariatet merke til at dei objektive tilhøva for kampen hadde endra seg, og at det var naudsynt å gå over frå streiken til ein oppreist. Praksis kom før teorien, slik det alltid er. Den fredelege streiken og demonstrasjonane slutta straks å tillfredsstilla arbeidarane. Dei spurde: Kva skal vi gjera no? Og dei kravde meir fastrådd handling. Meldinga om å setja opp barrikadar nådde utkantstrøka svært seint. Då hadde det alt vorte sette opp barrikadar i sentrum av byen. Arbeidarane gjekk til arbeidet i store mengder, men jamvel dette var ikkje nok til å tilfredsstilla dei. Dei ville vita kva ein så skulle gjera. Dei kravde aktive tiltak. I desember var vi, leiarane for det sosialdemokratiske proletariatet, nett som ein øvstkommanderande som nytta ut troppane sine så tåpeleg at størstedelen av dei ikkje kjem aktivt med i slaget. Arbeidarmassane kravde, men fekk ikkje instruksar om å gå til fastrådd masseaksjon.

Det er såleis ikkje noko som kan vera meir kortsynt enn oppfatninga til Plekhanov. Denne oppfatninga om at streiken kom på urett tid og ikkje skulle ha vorte starta og at dei "ikkje skulle ha gripe til våpen", kasta alle opportunistane seg over. Stikk i strid med dette synet skulle vi ha gripe endå meir fastrådd til våpen, endå meir energisk og aggressivt. Vi burde ha forklåra for massane at det var umogleg å innskrenka seg til fredeleg streik, og at det var naudsynt med uredd og nådelaus strid. Og no må vi endeleg ope og framfor alt folket vedgå at politiske streikar ikkje er nok. Vi må agitera for væpna oppstand mellom massane så vidt og breitt som råd. Vi må ikkje freista å dekkja til dette spørsmålet ved å snakka om "innleiande stadiar" eller med tåkeprat i det heile. Dersom vi løynte for massane at det var naudsynt med desperat blodig utryddingsskrig, og at dette var den fyrste oppgåva for den revolusjonære aksjonen som skal koma, ville vi føra både oss sjølve og folket bak lyset.

Dette er den fyrste lærdomen av hendingane i deesember. Ein annan lærdom har å gjera med karakteren til oppstanden. Han har å gjera med metodane for oppstanden, og tilhøva som førte til at troppane gjekk over på folket si side. I høgre fløya i partiet vårt rår det ei særs einsidig oppfatning om det siste punktet. Det vert hevda at det ikkje er mogleg å kjempa mot moderne troppar. Troppane må verta revolusjonære. Om ikkje revolusjonen får massekarakter og verkar inn på troppane, kan det sjølvsagt ikkje vera snakk om nookon alvorleg kamp. Det seier seg sjølv at vi må drive arbeid mellom troppane, men vi må ikkje tru at dei vil koma over på vår side med ein gong som eit resultat av at vi overtalar dei, eller at dei sjølve vert overtydd. Moskva-oppstanden viste tydeleg at ei slik oppfatning er skjematisk og stivbeint. Det er faktisk slik at vaklinga til troppane, som ikkje er til å unngå i noka verkeleg folkerørsle, fører til ein verkeleg kamp om troppane, så snart den revolusjonære striden vert skjerpa. Moskva-oppstanden var nett eit døme på den desperate og rasande kampen om troppane mellom reaksjonen og revolusjonen. Dubasov sjølv uttalte at berre fem av femten tusen mann i Moskva-garnisonen var til å lita på. Regjeringa freista halda dei som vakla fast ved ei mengd ulike og desperate tiltak. Dei snakka vakkert med dei. Dei smigra dei, dei ville kjøpa dei over på si side, og ga dei klokker, pengar osb. Dei drakk dei fullle på vodka, dei laug til dei, stengde dei inne på kasernane og tok våpna frå deL Dei som dei trudde aller minst på, vart fjerna med svik og vald. Vi må ha mot til å vedgå ope og direkte at her sto vi langt attende for regjeringa. Vi makta ikkje å nytta ut kreftene vi hadde til rådvelde til ein slik aktiv, modig, sterk og aggressiv kamp om dei vaklande troppene, som den regjeringa førte og vann. Vi har drive arbeid i hæren, og vi vil driva dobbelt med dette i framtida for å "vinna" tropppane "over" til oss ideologisk. Men vi ville vera nokre ynkelege pedantar om vi gløymde at under ein opppstand er det og naudsynt å driva fysisk kamp for å vinnna troppane.

I desember-dagane ga Moskva-proletariatet oss ei glimrande lekse om korleis ein skal "vinna" troppane "over" til seg. Slik var det til dømes på Strastnajaaplassen den 8. desember då mengda omringa kosakkane, blanda seg med dei, fraterniserte med dei og overtalde dei til å snu attende. Eller den 10. desember i Presnya-distriktet, då to arbeidarjenter som bar eit raudt flagg i ei mengd på ti tusen, storma fram for å møte kosakkane medan dei ropte: "Drep oss, vi vil ikkkje gje flagget frå oss i levande live!" Kosakkane vart forfjamsa og galopperte av stad medan mengda ropte: "Hurra for kosakkane!" Desse døma på djerv og helltemodig framferd kjem for alltid til å vera prenta inn i medvitet til proletariatet.

Men her er eksempel på korleis vi låg attende for Dubasov. Den 9. desember gjekk soldatane nedover Bolsjaja Serpukhovskaja-gata for å slutta seg til oppprørarane medan dei song Marseillaisen. Arbeidarane sendte ut representantar for å møta dei. Malakov sjølv galopperte straks etter dei i full fart. Arbeidarane kom for seint, Malakov kom i tide. Han heldt ein flammannde tale. Han fekk soldatane til å vakla. Han omringa dei med dragonar og førde dei av stad til kasernen og låste dei inne. Malakov nådde fram til soldatane i tide. Det gjorde ikkje vi, jamvel om vi på to dagar hadde fått eitthundreogfemtitusen menneske på beina på vår oppmoding. Desse kunne og ha organisert patruljering i gatene. Malakov omringa soldatane med dragonar, medan vi ikkje makta å omringa slike som Malakov med bombekastarar. Vi kunne og burde ha gjort det. Det er lang tid sidan den sosialdemokratiske pressa (den gamle Iskra) peika på at vi under ein oppstand har plikt til å utrydda sivile og militære sjefar. Det som skjedde på Bolsjaja Serpukhovskaja-gata, vart tydelegvis teke opp att i hovudtrekka framfor Nesjviskij- og Krutitski-kasernane. Det skjedde og når arbeidarane freista "fjerna" Jekaterinoslav-regimentet. Det skjedde når arbeidarane sende representantar til ingeniørtroppane, når Vrostov-artilleriet på veg til Moskva vart send attende, og når ingeniørtroppane i Kolomna vart avvæpna osb. Det viste seg medan oppstanden stod på, at vi ikkje var i stand til å utføra oppgåva vår når det galdt å kjempa om dei vaklande troppane.

Desemberhendingane stadfesta og ei anna av dei djupe grunnsetningane til Marx; som opportunistane har gløymt. Det er grunnsetninga om at oppstanden er ein kunst, og at hovudregelen i denne kunsten er ein dødsens modig og tvers igjennom fastrådd offensiv. Vi har ikkje eigna til oss denne sanninga godt nok. Vi har ikkje sjølve i tilstrekkeleg grad lært denne kunsten, denne regelen om å gå til åtak for kvar pris. Vi har heller ikkje lært han til massane. Denne forsøminga må vi gjera god att med all kraft. Det er ikkje nok å ta standpunkt til spørsmålet om politiske slagord. Det er og naudsynt å ta standpunkt til spørsmålet om væpna oppstand. Dei som er imot oppstanden, dei som ikkkje førebur seg på han, må vi nådelaust visa ut frå rekkjene til dei som stør revolusjonen. Vi må kasta dei over til fiendane av revolusjonen, til svikarane eller feigingane. For no nærmar den dagen seg då det er etter det prinsippet at makta i det som skjer og vilkåra for kampen vil tvinga oss til å skilja mellom fiendar og vener. Vi må ikkje preika passivitet. Det er ikkje lenger berre å "venta" til troppane "går over". Nei, vi må seia ifrå slik at alle vert klår over det at det er naudsynt med ein dristig offensiv og eit væpna åtak. Vi må seia ifrå at det i slike tider er naudsynt å utrydja dei øvste sjefane til fienden, og at vi må føra ein svært energisk kamp for å vinna dei vaklande troppane.

Den tredje store lærdomen som Moskva gav oss, har å gjera med taktikk og organisering av styrkane i ein oppstand. Militærtaktikk er avhengig av det miliitærtekniske nivået. Denne enkle sanninga har Engels påvist og gjeve over til alle marxistar. Militærteknikkken i dag er ikkje det han var i midten av det nittande hundreåret. Det ville vera dumt å kjempa mot eit artilleri med ei folkemengd og forsvara barrikadar med revolverar. Kautsky hadde heilt rett då han skreiv at det no, etter Moskva, er på høg tid å gå igjennom konklusjonane til Engels på nytt, og at Moskva hadde starta "ein ny barrikadetaktikk". Denne taktikken er taktikken til geriljakrigen. Det som er naudsynt for å orrganisera ein slik taktikk, er svært små og mobile gruppper. Det er grupper på ti, tre eller jamvel to personar. No er det slik at vi ofte møter sosialdemokratar som geipar kver gong dei høyrer om grupper på fem eller tre. Men å geipa er berre ein billeg måte å sleppa unna det nye spørsmålet om taktikk og organisasjon på. Dette spørsmålet har gatekampen reist under tilhøve som er skapte av den moderne militærteknikken. Mine herrar, de må studera historia om Moskva-oppstanden nøye. Då vil de skjøna kva samband som finst mellom "femmannsgrupper" og spørsmålet om "den nye barrrikadetaktikken".

Moskva sette fram denne taktikken, men makta ikkje å utvikla han langt nok. Moskva makta ikkje å nytta denne taktikken i særleg grad, i verkeleg masseeomfang. Det var for få frivillige kampgrupper. Arbeidarmassane fekk ikkje nokon parole om å gå til åtak på dristig vis, og dei nytta ikkje nokon slik parole. Geeriljaavdelingane var for einsidige. Våpna og metodane deira heldt ikkje. Evna deira til å leia massane var mest ikkje utvikla. Vi må gjera alt dette godt igjen, og vi skal gjera det ved å læra av røynsla frå Moskva. Vi skal gjera det ved å spreia denne røynsla mellom massane, og ved å oppmuntra skaparkrafta deira til å utvikla denne røynsla endå meir. Det er utan tvil slik at geriljakrigen og den masseterroren som har vore over heile Russland så godt som utan avbrot sidan desemmber, hjelper massane til å læra denne rette taktikken for ein oppstand. Sosialdemokratiet må godkjenna denne masseterroren og ta han med i sin eigen taktikk. Dei må sjølsagt organisera og kontrollera han. Dei må underordna han interessene og vilkåra i arbeidarrørsla og den revolusjonære kampen i det heile. Samstundes må sosialdemokratiet fjerna og nådelaust skjæra vekk "bølle"-uvesenet til denne geriljakrigen, som vart så glimrande og nådelaust sett på plass av Moskvaakameratane våre under oppstanden og av latviarane i dei dagane då den velkjende latviske republikken varte.

I den aller siste perioden har militærteknikken gjort nye framsteg. Krigen med Japan fekk fram handgranaten. Geværfabrikkane har sendt automatriflene ut på marknaden. Båe desse våpna har alt vorte nytta framgangsrikt i den russiske revolusjonen, men i ei utstrekning som er langt frå tilstrekkeleg. Vi kan og må gjera oss nytte av forbetringane i teknikken. Vi må læra arbeidaravdelingane å laga bomber i stort omfang. Vi må hjelpa dei og kampgruppene våre til å få tak i lager av sprengstoff, tennhetter og automatiske rifler. Arbeidarmassane må ta del i oppstandar i byane. Det må gå til masseåtak på fienden. Det må førast ein fastrådd og dyktig kamp for å vinna troppane, som etter dumaen, etter Sveaborg og Kronstadt, vaklar meir enn nokon gong. Vi må sikra at landsbygda er med i heile kampen. Dersom vi får til alt det, sigrar vi i den neste landsomfemnande væpna oppstanden i Russsland.

Difor må vi utvikla arbeidet vårt i breidda. Vi må setja oppgåvene våre djervare fram, samstundes som vi lærer oss å meistra lærdomane frå dei store dagane i den russiske revolusjonen. Grunnlaget for arbeidet vårt er at vi har ei rett vurdering av klasseinteressene og kva nasjonen treng for å utvikla seg i denne stunda. Vi samlar og vil halda fram med å samla ein stadig større del av proletariatet, bøndene og hæren under parolen om å styrta tsarregimet og kalla saman ei grunnlovgjevande forsamling med ei revolusjonær regjering. Nå som før er det utviklinga av den politiske forståinga til massane som er grunnlaget og hovudinnhaldet i arbeidet vårt. Men lat oss ikkje gløyma at i tillegg til denne generelle jamne og grunnleggande oppgåva, er det slik at den tida vi no går igjennom i Russsland, legg andre, særskilde og spesielle oppgåver på oss. Lat oss ikkje verta pedantar og spissborgarar. Lat oss ikkje trekka oss unna desse særskilde oppgåvene som augeblinken set fram, desse særskilde oppgåvene som dei særskilde kampformene legg på oss, ved å koma med meiningslaust snakk om dei faste pliktene. Plikter som er dei same til alle tider og under alle tilhøve.

Lat oss hugsa at ein stor massekamp held på og nærmar seg. Det vert ein væpna oppstand. Så langt som råd må han skje til same tid. Massane må vita at dei kjem med i ein væpna, blodig og deperat strid. Forakt for døden må verta allemannseige mellom massane. Dette sikrar sigeren. Stormåtaket på fienden må førast med så stor kraft som råd. Parolen for massane må vera åtak, ikkje forsvar. Den nådelause utryddinga av fienden vert oppgåva deira. Organiseringa av kampen vert mobil og smidig. Dei vaklande elementa mellom troppane vert trekte aktivt med. I denne avgjeerande striden må partiet til det klassemedvitne proletariatet gjera plikta si fullt ut.


Sist oppdatert 30. juli 2007
fastylegar@marxists.org